lørdag 30. januar 2010

Mathias og Marthea på besøk.




Onsdag var dei på besøk, og Mathias var noko undrande då bordstøvsugaren vart prøvd på han.
Fredag ville Mathias teste om farfar si grind for å hindre han i å klatre i trappa holdt mål. Mathias streva litt, men fant fort ut korleis han skulle komme over. Så her må noko meire til.

tirsdag 26. januar 2010

Tuppervare-selskap 25.januar



Vi var samla 8 damer til demostrasjon og salg. Salget gjekk strykande, og det var lett å forstå med så mange gode og nyttige varer. Nokre damer gjekk før eg fekk ladda opp batteriet til fotoapperatet. Men Dagmar, Åse og Svanhild holdt ut. Demostrasjons-dama kom frå Kaupanger, gift Alme, men er født og oppvaksen på Stavøya, nærare bestemt Langøy, med etternamnet Gjeldsvik. Ho fant mange kjente i damegjengen. Og sanneleg så vart det nokre hyggelege timar. dette gjer vi att ein gong til hausten.

Gode dagar på Bleikaneset, 18. - 24.januar.





Tidleg krøkes som god krok skal bli, - så no les Kristoffer og mor i eit interessant blad om "barn".

Ute på tur , aldri sur. Nydeleg vær lokka oss ut, og det gjør godt for kropp og sjel.
Alltid kjekt å besøke familien på Bleikaneset, og få følge litt med i Kristoffer si utvikling. Så i utgangspunktet kjem eg til å prøve å få se dei ein gong pr mnd. men det går jo ann at dei besøker oss også, di har ikkje fjøsarbeid som hindrar . Takk for denne gangen, og takk til farmor Sigrun for nydeleg søndagsmiddag.

onsdag 20. januar 2010

Tur til Syltøy, 19.januar 2010

Ja, og så fekk vi oss ein lang spasertur til Syltøy, og er no på veg heim att. Teppet var av og til nede for å ta av for den verste vinden som tidvis blåste inn i vogna.

Hos Kristoffer


Kristoffer veks og utviklar seg . No har han oppdaga hendene sine, og tek til å få styringa over dei. Strekker seg etter leikar og gjer nye erfaringer.

Marthea 11.januar 2010

Ei blid skule-jente som kom på middags-besøk til farfar og farmor. Etterpå kjørte vi med Marte til Florø på Handball-trening. Medan Marte trente var vi på Julefest på Misjonsheimen .

søndag 17. januar 2010

KARNEVAL

Ja, så er det karnevalstid igjen. På Dombås var Anna og Eline på karneval i går, utkledde som kjente og flotte figurer. OG dei fekk 1.premie. Det fortente dei. Gratulerer til jentene , alle sponsorer og dei i "støtteapperatet"

onsdag 13. januar 2010

Div aktiviteter i januar

I går gjekk Arne i gang med  å rive ned kledninga på veggen i stova. Tette kledninga som har endra seg, ta vekk nokre isoporkuler, isolere og håpe at det jage vekk musa som leika i veggen. Elles så var mathias med då Olaug henta Marthea etter skulen. Mathias er iherdig og traver på, og likar seg ute i kulda.

Kjekt med slike besøk.

 

torsdag 7. januar 2010

Kaldt og flott i dag også.

I dag er det minus 13.   Så kaldt kan eg ikkje hugse det har vore her sidan eg kom til Steinhovden. Det einaste kan vere den første vinteren etter at onkel Frank vart aleine, og budde hos oss. Då hadde vi myje snø, og så kaldt at kledningen på fjøsen vart kvit av frost. Eg trur det var i 1982, Bjarte var liten og hang i helane på onkel Frank når han var ute og måka snø.

Flott vinterdag, 04.01.10

Ja, no har vi hatt flott vinter i nokre veker. Vi koser oss inne og ute. Kler oss godt og er ute på tur nesten kvar dag. Godt å vere AFP-pensjonist, og kunne bruke dei lyse dagane gode turer. For mykje snø til å gå i marka, men eg saknar turane der. Men det vert nok ei råd snart, med tur, varm kakao og eit lite bål. Hm, - rein rekreasjon.

fredag 1. januar 2010

Godt Nytt År !!

Arne og eg fekk besøk av ei Nyttårsløve, som hadde medbrakte sangere og snømåkkere. Med takk for alt i gamleåret , ynskjer vi alle, barn/svigerbarn/barnebarn, all familie og venner / fjernt og nært eit godt og fredeleg nytt år.