




Kjære Maria. Hipp hipp HURRA for deg på gebursdagen din. Hugsar du at vi var i fjæra og bada i sommar ?? Det var veldig kjekt. Håper du får ein fin 9-års-dag. Hilsen og klem frå farfar og farmor, og alle oss andre i Steinhovden
Teaterstykke om Mummi-trolla og korleis dei førebur jula, var målet for turen. Billett på 4.rad, litt skremmande nært for Johanne. Det kom seg når vi flytta til bakerste rad. Marthea var ikkje redd/skremt, og var flink å berolige Johanne. Johanne lot seg til slutt riv med av innholdet, klappa, song med og ”han greide det no” då Mumitrollet lærte å stå på skøyte. Etterpå var vi på Biblioteket , lånte med oss ein Mumitroll-film som vi skal se i dag, - Marthea bestilte bollemelk og Johanne bestilte tomatsuppe. Med ”vær-så-snill” – stemme, - - til å smelte av -. PS Det eine bildet måtte forminskes fordi det vart for stort å videresende frå mob.tlf
Fekk idag, 11.11.09, dette nydelege bildet frå min kjære søster Annfrid. Utsikten frå kjøkken medan ho har starta med litt julebakst. Ho hilser til alle kjente og kjære.
Ja, og det vert ikkje ei hvilken som helst veke. Eg vart mormor til vesle Kristoffer, og det har dere vel allerede registrert.
Sidan har vi også hatt besøk av en sliten Johanne, som like godt sovna. Mathias og Marthea har også vore på besøk, og såg barne-tv .
Eg var innom Messe for ulike alternative behandlingstilbod, og såg Berit frå Litlehøydal gje Laila frå Høyvika massasje for beina. Vi har opplevd ein flott solnedgang og vore på konsert i Florø Samfunnshus. Sjå meir om det siste på Steinhovden grendalag si ”heimeside”.
Fekk dette bildet frå Annfrid som hadde gått over fjellet til Dalen. Sprek dame på tur i flott natur og fint høstvær.
Endeleg klarte farmor å få tunikaen ferdig. No er den på vei til Dombås, saman med div andre gaver.
Vil også vise dere alle at ” når det regner på presten, så dryper det på klokkaren ”. En stolt onkel Bjarte m/fam kom heim til oss /morfar og mormor med ein flott rosebukett, med gratulasjoner om nytt barnebarn/lille Kristoffer .
Kom over dette bildet av ekteparet oppe på Solihøgda. Pent par, som vi relativt sjeldent ser avbilda saman. God helg til dere og resten av familien.
Ja, så kom det første bildet av Janne og Rune sin Prins. Er han ikkje skjønn ? ? ? Ved fødselen veide han 3920 gr og er målt til 50 cm lang. Ikkje rart at han måtte forløses ved hjelp av keisersnitt. Ein flott og stor prins , - bare nokre få minutter ”gammel”. Godt jobba til Janne-mor og Rune-far.
I natt vart Janne og Rune sin PRINS født. Alt var vel med mor, far og barn. Vi kjenner ikkje til vekt og lengde enno, men det kjem vel når mor, far og prinsen har fått kvilt seg ut. Flagget til deira ære får vind , sol og nokre regndråper på seg.
Torsdag kveld besøkte m.a. Marte, Johanne og Marthea oss her i Gamleskulen,. Dei er meire enn lett på foten når farmor inviterer til ”bollemelk”. Melkerett som eg har tatt med frå min heim i Honningsvåg.
Fredag kledde Marthea seg ut, som heks, og gjekk på fritidsklubben. Ei flott heks. Men først leike ho og Mathias litt med pappa’n sin.
Onsdag 28.10.09 for nokre innlandsbønder på båttur til Hovden. Der bur Eva og Kjell, og har fått seg ein god og lageleg heim. Vil bare takke fordi dere la allting så godt til rette for oss, slik at vi fekk eit nytt god minne frå samvær med dere.Klem og hilsen frå Gunn Edel og sikker også frå dei tre andre, dvs Arne, Dagmar og Magnar.
I går tok Arne og eg turen inn til Vassenden, og fekk flytta heime att campingvogna. Til no har ho ikkje vore så mykje brukt i løpet av dei tre åra vi har hatt den, - men med pensionist-tilværelsen kan ho kanskje verte meir brukt. Har bestilt ny plass vidare til neste år. Samme sted.
Elles har vi ein ny fin høstdag, heilt nydeleg.
Ynskjer dere alle ein god dag, med klem frå mor i ”Gamleskulen”.
Mathias likte seg som selskapet sitt midtpunkt, og storesøster og skulejente Marthea viste oss sine leseferdigheter.
Kjekt å sjå at barnabarna veks til og utvikler seg.
Nydeleg vær i dag, og ho Gunn måtte ha seg ein tur ut. Og då måtte eg nedom for å få eit bilde av Huset og snekkaren.