lørdag 15. mai 2010

Solheimsstølen, 13.mai 2010

Utsikta frå Solheimsstølen til bygda Solheim og vatnet. Marthea gjekk med oss, og den første av våre barnebarn som har gått så høgt og bratt. Solheimsstølen ligg 500 m o h.

Marthea tok ikkje skrekken, og vi skal gå dit for overnatting siste helga i mai. Om eg finn meg til rette og likar meg er det mogeleg å få leige stedet.

Bodil Solheim Klungre og Arne. Bodil er født og oppvaksen på garden, og gift med Olav som kjem frå Byrkjelo (?)

Her sit Marthea og Olav i spisekroken. Ja, og så får vi se om det vert noko av det. Eg har også fått kontakt med utflytt sambygding som eig ei lite brukt hytte på Vona. Så eg jobber med
saken for å få ei hytte, til å bruke når behovet er der.


Ingen kommentarer: