Det nærmar seg SOMMER, SOL, L-A-T-E DAGER og LEIR på TEIGEN J J ! ! !
Er DU klar ??
Teigen er leirstaden vår som ligg i Eikefjord i Sunnfjord. Uteområdet er prega av vakker natur og mange moglegheiter. Teigen ligg heilt i sjøkanten og her er badeplass og stupetårn, vi har robåtar, kanoar og rikeleg med redningsvestar. Vi har store plenareal og ei fotballbane, volleyballbane, bålplass, steinkapell og mykje meir.
No er det snart tid for sommarleirar på Teigen! På sommarleirane er det mange uteaktivitetar som for eksempel bading og båtliv, volleyball og fotball. Vi lærer meir om Jesus, misjon i inn- og utland, og høyrer spennande historier frå Bibelen. Å grille pølse ved bålet, synge songar, lage underhaldning og hobbyaktivitetar høyrer også med. Velkomen på leir!
Leir på Teigen kan by på supre opplevingar saman med gode vener og kjekke leiarar. Her blir det spel, leik, sommaraktivitet og Jesusfokus! Gled deg til leir på Teigen!
Amigosleir
12.- 14. juni (fred.-sønd.) / 1.-4. klasse / kr 650,-
Tweensleir
22.- 25. juni (månd.-tors.) / 5.-8. klasse / kr 800
Du kan også sende ein e-post : sof@normisjon.no Eller ringe oss Tlf: 57 86 63 49 / Fax: 57 86 61 75. Du kan sende ein e-post eller ringe oss. Frist for påmelding 7 dagar før leirstart.
1 kommentar:
Den fantastiske wolf cub - spilleautomat som du bare må prøve
Legg inn en kommentar