fredag 20. november 2009

Bestemor sien første dager saman med Kristoffer
















Ja, så fekk bestemor komme på besøk til familien på Bleikaneset, og gjett om eg har kosa seg. Bestemor har teke nokre bilder, og fått høve til å dele dei med dere. Bilda syner ein ikkje heilt fornøgd Kristoffer med bukse, jakk og lue som bestemor har laga, størrelse 0-2 mnd. Bestemor som prøver å roe ned og få opp luft frå Kristoffer, - Janne-mor lykkast betre, Rune-far som er blitt bleieskifts-arbeider og ein fornøgd Kristoffer som bader.
Eg/bestemor nyter livet's dessert, nemeleg å kose seg med det nye barnebarnet, Kristoffer.

Med di underskrift kan vi redde grendaskular i Flora kommune!

For å spare omlag 5 millionar kr i 2010 har Rådmannen i Flora kommune lagt fram eit forslag om å legge ned alle grendaskulene i Flora kommune. Dette gjeld skulane i Steinhovden, Standal, Solheim i Nordalsfjorden, Batalden og Årebrot. Kommuneadministrasjonen påstår at kommunen ikkje har råd til å drive desse skulane. Vi tør påstå at Flora kommune ikkje har råd å la vere å oppretthalde denne drifta.
Skulen er hjartet i bygdene våre og har bidrege positivt til liv, røre og tilflytting for bygdesamfunna våre og dermed også Flora kommune. Flora kommune kjemper mot fråflyttning, ikkje berre frå kommunesentra, men også frå utkantstroka. Derfor er det viktig at vi står saman mot sentralisering.
Grendaskulane:
- sikrar at skuleborna frå 5-årsalderen slepp ei lang og slitsam skulereise
- gjev ein trygg og god arena for læring
- er viktig for å sikre busetjing og tilflytting til bygdene og Flora kommune.

Om du meiner at det ikkje er rett at skuleborna i distrikta må betale for dårleg kommunal økonomistyring, gje oss di underskrift som støtte for grendaskulane.

http://www.underskrift.no/underskrifter.asp?Kampanje=2416

torsdag 12. november 2009

GRATULERER med 9 års dagen, MARIA.

Kjære Maria. Hipp hipp HURRA for deg på gebursdagen din. Hugsar du at vi var i fjæra og bada i sommar ??  Det var veldig kjekt. Håper du får ein fin 9-års-dag. Hilsen og klem frå farfar og farmor, og alle oss andre i Steinhovden

 

Jentene og farmor på Flora-tur

Teaterstykke om Mummi-trolla og korleis dei førebur jula, var målet for turen. Billett på 4.rad, litt skremmande nært for Johanne. Det kom seg når vi flytta til bakerste rad. Marthea var ikkje redd/skremt, og var flink å berolige Johanne. Johanne lot seg til slutt riv med av innholdet, klappa, song med og ”han greide det no” då Mumitrollet lærte å stå på skøyte. Etterpå var vi på Biblioteket , lånte med oss ein Mumitroll-film som vi skal se i dag, - Marthea bestilte bollemelk og Johanne bestilte tomatsuppe. Med ”vær-så-snill” – stemme, - - til å smelte av -. PS Det eine bildet måtte forminskes fordi det vart for stort å videresende frå mob.tlf

Storfint besøk, den 11.11.09

Eva og Laila kom på Stikkinnom-besøk. Jammen lenge sidan det skjedde, og difor dobbelt kjekt.

Hilsen fra 71 grader nord

Fekk idag, 11.11.09, dette nydelege bildet frå min kjære søster Annfrid. Utsikten frå kjøkken medan ho har starta med litt julebakst. Ho hilser til alle kjente og kjære.

tirsdag 10. november 2009

Div hendingar frå veke 41.

Ja, og det vert ikkje ei hvilken som helst veke. Eg vart mormor til vesle Kristoffer, og det har dere vel allerede registrert.

Sidan har vi også hatt besøk av en sliten Johanne, som like godt sovna. Mathias og Marthea har også vore på besøk, og såg barne-tv .

Eg var innom Messe for ulike alternative behandlingstilbod, og såg Berit frå Litlehøydal gje Laila frå Høyvika massasje for beina. Vi har opplevd ein flott solnedgang og vore på konsert i Florø Samfunnshus. Sjå meir om det siste på Steinhovden grendalag si ”heimeside”.

søndag 8. november 2009

Gratulerer med farsdagen !

Kjære alle fedre blant  familie og venner.  Liten blomsterhilsen til dere alle.

lørdag 7. november 2009

Ei kjær storesøster

Fekk dette bildet frå Annfrid som hadde gått over fjellet til Dalen. Sprek dame på tur i flott natur og fint høstvær.

Tunika til Eline, på Dombås

Endeleg klarte farmor å få tunikaen ferdig. No er den på vei til Dombås, saman med div andre gaver.

Vil også vise dere alle at ” når det regner på presten, så dryper det på klokkaren ”.   En stolt onkel Bjarte m/fam kom heim til oss /morfar og mormor med ein flott rosebukett, med gratulasjoner om nytt barnebarn/lille Kristoffer .

Bjarte og Camilla

Kom over dette bildet av ekteparet oppe på Solihøgda. Pent par, som vi relativt sjeldent ser avbilda saman. God helg til dere og resten av familien.

tirsdag 3. november 2009

Umiddelbar kjærlighet

Ein prins som kommer til å motta mykje kyss , klapp, klem og kjærlighet frå sine foreldre.

Velkommen til verden, lille venn .

Ja, så kom det første bildet av Janne og Rune sin Prins. Er han ikkje skjønn ? ? ? Ved fødselen veide han 3920 gr og er målt til 50 cm lang. Ikkje rart at han måtte forløses ved hjelp av keisersnitt. Ein flott og stor prins , - bare nokre få minutter ”gammel”. Godt jobba til Janne-mor og Rune-far.

Hurra for nytt barnebarn

I natt vart Janne og Rune sin PRINS født.  Alt var vel med mor, far og barn. Vi kjenner ikkje til vekt og lengde enno, men det kjem vel når mor, far og prinsen har fått kvilt seg ut. Flagget til deira ære får vind , sol og nokre regndråper på seg.

søndag 1. november 2009

Besøk av barn og barnebarn

Torsdag kveld besøkte m.a. Marte, Johanne og Marthea oss her i Gamleskulen,. Dei er meire enn lett på foten når farmor inviterer til ”bollemelk”. Melkerett som eg har tatt med frå min heim i Honningsvåg.

Fredag kledde Marthea seg ut, som heks, og gjekk på fritidsklubben. Ei flott heks. Men først leike ho og Mathias litt med pappa’n sin.

Nokre bilder frå ein svært koseleg og god dag hos Eva og Kjell

Onsdag 28.10.09 for nokre innlandsbønder på båttur til Hovden. Der bur Eva og Kjell, og har fått seg ein god og lageleg heim. Vil bare takke fordi dere la allting så godt til rette for oss, slik at vi fekk eit nytt god minne frå samvær med dere.Klem og hilsen frå Gunn Edel og sikker også frå dei tre andre, dvs Arne, Dagmar og Magnar.