fredag 20. november 2009

Med di underskrift kan vi redde grendaskular i Flora kommune!

For å spare omlag 5 millionar kr i 2010 har Rådmannen i Flora kommune lagt fram eit forslag om å legge ned alle grendaskulene i Flora kommune. Dette gjeld skulane i Steinhovden, Standal, Solheim i Nordalsfjorden, Batalden og Årebrot. Kommuneadministrasjonen påstår at kommunen ikkje har råd til å drive desse skulane. Vi tør påstå at Flora kommune ikkje har råd å la vere å oppretthalde denne drifta.
Skulen er hjartet i bygdene våre og har bidrege positivt til liv, røre og tilflytting for bygdesamfunna våre og dermed også Flora kommune. Flora kommune kjemper mot fråflyttning, ikkje berre frå kommunesentra, men også frå utkantstroka. Derfor er det viktig at vi står saman mot sentralisering.
Grendaskulane:
- sikrar at skuleborna frå 5-årsalderen slepp ei lang og slitsam skulereise
- gjev ein trygg og god arena for læring
- er viktig for å sikre busetjing og tilflytting til bygdene og Flora kommune.

Om du meiner at det ikkje er rett at skuleborna i distrikta må betale for dårleg kommunal økonomistyring, gje oss di underskrift som støtte for grendaskulane.

http://www.underskrift.no/underskrifter.asp?Kampanje=2416

Ingen kommentarer: