I går gjekk Arne i gang med å rive ned kledninga på veggen i stova. Tette kledninga som har endra seg, ta vekk nokre isoporkuler, isolere og håpe at det jage vekk musa som leika i veggen. Elles så var mathias med då Olaug henta Marthea etter skulen. Mathias er iherdig og traver på, og likar seg ute i kulda.
Kjekt med slike besøk.
2 kommentarer:
Det virkar nokså håplaust å jakte på mus slik. Fekk de tak i ho?
Å nei du. Ho var nok over alle haugar. Men vi fekk ut isoporkulene og isolert nokre hol som gjekk rett ut i frisk luft. Stille vart det inne i veggen. Så på ein eller anna måte verka det prevantivt. MEN vi bør kanskje gå til innkjøp av musefelle.
Legg inn en kommentar